publicidade

1 Coríntios 6

1 Vågar nokon av dykk, når han hev sak mot ein annan, å søkja dom hjå dei urettferdige og ikkje hjå dei heilage?2 Eller veit de ikkje, at dei heilage skal døma verdi? Og dersom verdi vert dømd av dykk, er de då uverdige til å døma i dei minste saker?3 Veit de ikkje, at me skal døma englar, og då vel mykje meir i timelege ting?4 Når de då hev saker um timelege ting, so set de deim til domarar som er vanvyrde i kyrkjelyden!5 Til skam for dykk segjer eg dette. So finst der då ingen vis mann hjå dykk, ikkje ein einaste som kann skilja trætta for bror sin?

publicidade