1 Og Arons-sønerne var skipa i desse skifti: Sønerne åt Aron var Nadab og Abihu, Eleazar og Itamar.

2 Men Nadab og Abihu døydde fyre faren, og dei hadde ingi søner, og berre Eleazar og Itamar vart prestar.

3 Og David i lag med Sadok av sønerne åt Eleazar og Ahimelek av sønerne åt Itamar, skifte deim etter deira embætte i tenesta deira.

4 Dei kom då etter med at det var fleire hovdingar av Eleazars-sønerne enn Itamars-sønerne, og difor skipa dei det so at Eleazars-sønerne fekk sekstan hovdingar for sine ættgreiner, og Itamars-sønerne åtte for sine ættgreiner.

5 Og dei skifte deim med strådraging, båe hovudgreinerne; for heilagdoms-fyrstarne og gudsfyrstarne tok dei både av Eleazars-sønerne og Itamars-sønerne.

6 Og Semaja Netanelsson, skrivaren av Levi-ætti, skreiv deim upp medan kongen og hovdingarne og presten Sadok og Ahimelek Abjatarsson og ættarhovdingarne for prestarne og levitarne såg på; dei tok ut ei ættgrein for Eleazar og so til skiftes for Itamar.

7 Fyrste luten fall på Jojarib, den andre på Jedaja,

8 den tridje på Harim, den fjorde på Seorim,

9 den femte på Malkia, den sette på Mijamin,

10 den sjuande på Hakkos, den åttande på Abia,

11 den niande på Jesua, den tiande på Sekanja,

12 den ellevte på Eljasib, den tolvte på Jakim,

13 den trettande på Huppa, den fjortande på Jesebab,

14 den femtande på Bilga, den sekstande på Immer,

15 den syttande på Hezir, den attande på Happisses,

16 den nittande på Petahja, den tjugande på Ezekiel,

17 den ein og tjugande på Jakin, den tvo og tjugande på Gamul,

18 den tri og tjugande på Delaja og den fire og tjugande på Ma’azja.

19 Dette vart den skipnaden som dei skulde gjera tenesta si etter, når dei gjekk inn i Herrens hus, so som det var fyresagt deim gjenom Aron, far deira, etter det som Herren, Israels Gud, hadde sagt honom fyre.

20 Av dei andre Levi-sønerne høyrde Subael til Amrams-sønerne, og Jehdeja var av Subaels-sønerne.

21 Av Rehabja-sønerne var Jissia hovdingen;

22 av jisharitarne var det Selomot, og Jahat av Selomots-sønerne.

23 Og benajitar var Jeria, Amarja, den andre, Jahaziel, den tridje, og Jekamam, den fjorde.

24 Son hans Uzziel var Mika; av sønerne hans Mika var Samur.

25 Jissia var bror åt Mika; av Jissia-sønerne var Zakarja.

26 Merari-sønerne var Mahli og Musi, søner åt Ja’azia hans son.

27 Søner hans Merari gjenom Ja’azia, son hans, var både Soham, Zakkur og Ibri.

28 Son åt Mahli var Eleazar; men han hadde ingi søner.

29 Av sønerne åt Kis var høyrde Jerahme’el,

30 og sønerne åt Musi var Mahli og Eder og Jerimot. Dette var levitsøner etter ættgreinerne deira.

31 Dei og dro strå liksom frendarne deira, Arons-sønerne, medan kong David og Sadok og Ahimelek og ættarhovdingarne for prestarne og levitarne var til stades, hovdingen for ætti likso vel som dei yngste frendarne deira.