1 Sønerne hans Levi var Gerson, Kehat og Merari.

2 Sønerne hans Kahat var Amram og Jishar og Hebron og Uzziel.

3 Og borni hans Amram var Aron og Moses og Mirjam. Og sønerne åt Aron var Nadab og Abihu, Eleazar og Itamar.

4 Eleazar fekk sonen Pinehas; Pinehas fekk sonen Abisua,

5 og Abisua fekk sonen Bukki, og Bukki fekk sonen Uzzi,

6 og Uzzi fekk sonen Zerahja, og Zerahja fekk sonen Merajot;

7 Merajot fekk sonen Amarja, og Amarja fekk sonen Ahitub,

8 og Ahitub fekk sonen Sadok, og Sadok fekk sonen Ahima’as,

9 og Ahima’as fekk sonen Azarja, og Azarja fekk sonen Johanan;

10 Johanan fekk sonen Azarja; det var han som var prest i det huset Salomo bygde i Jerusalem.

11 Og Azarja fekk sonen Amarja, og Amarja fekk sonen Ahitub,

12 og Ahitub fekk sonen Sadok, og Sadok fekk sonen Sallum,

13 og Sallum fekk sonen Hilkia, og Hilkia fekk sonen Azarja,

14 og Azarja fekk sonen Seraja, og Seraja fekk sonen Josadak.

15 Men Josadak laut ganga med då Herren let Nebukadnessar føra Juda og Jerusalem i utlægd.

16 Sønerne åt Levi var Gerson, Kahat og Merari.

17 Og dette var namni på sønerne hans Gersom: Libni og Sime’i.

18 Og sønerne hans Kahat var Amram og Jishar og Hebron og Uzziel.

19 Sønerne hans Merari var Mahli og Musi. Dette var levitætterne etter federne deira.

20 Frå Gersom var Libni, son hans, ætta; hans son var Jahat, hans son Zimma,

21 hans son Joah, hans son Iddo, hans son Zerah, hans son Jeatrai.

22 Sønerne åt Kahat var: Amminadab, son hans; hans son var Korah; hans son Assir;

23 hans son Elkana, hans son Ebjasaf, hans son Assir;

24 hans son Tahat, hans son Uriel, hans son Uzzia, og hans son Saul.

25 Sønerne hans Elkana var Amasai og Ahimot.

26 Elkana - hans son var Elkana; hans son var Elkana-Sofai; hans son Nahat;

27 hans son Eliab; hans son Jeroham; hans son var Elkana.

28 Sønerne hans Samuel var Vasni, som var eldst, og Abia.

29 Son hans Merari var Mahli; hans son var Libni; hans son Sime’i; hans son Uzza;

30 hans son Simea; hans son Haggia; hans son Asaja.

31 So var det dei som David sette til å greida med songen i Herrens hus, etter at kista hadde fenge ein kvilestad.

32 Dei gjorde tenesta med song framfor møtetjeldhuset, alt til Salomo bygde Herrens hus i Jerusalem; dei stod der og gjorde sitt arbeid etter dei fyresegner dei hadde fenge.

33 Dei som gjorde denne tenesta, og sønerne deira, var desse: Av kahatitsønerne: Heman, songaren, son åt Joel, son åt Samuel,

34 son åt Elkana, son åt Jeroham, son åt Eliel, son åt Toah,

35 son åt Sif, son åt Elkana, son åt Mahat, son åt Amasai,

36 son åt Elkana, son åt Joel, son åt Azarja, son åt Sefanja,

37 son åt Tahat, son åt Assir, son åt Ebjasaf, son åt Korah,

38 son åt Jishar, son åt Kahat, son åt Levi, son åt Israel.

39 Dinæst Asaf, bror hans, som stod på høgre sida hans, Asaf, son åt Berekja, son åt Simea,

40 son åt Mikael, son åt Ba’aseja, son åt Malkia,

41 son åt Etni, son åt Zerah, son åt Adaja,

42 son åt Etan, son åt Zimma, son åt Sime’i,

43 son åt Jahat, son åt Gersom, son åt Levi.

44 Og brørne deira, Merari-sønerne, stod på den vinstre sida: Etan, son åt Kisi, son åt Abdi, son åt Malluk,

45 son åt Hasabja, son åt Amasja, son åt Hilkia,

46 son åt Amsi, son åt Bani, son åt Semer,

47 son åt Mahli, son åt Musi, son åt Merari, son åt Levi.

48 Og brørne deira, levitarne, var sette til alt slag tenesta i huset, Guds hus.

49 Men Aron og sønerne hans ofra på brennofferaltaret og på røykjelsealtaret og skulde greida alle gjeremål i det høgheilage romet og gjera soning for Israel, i alle måtar so som Moses, Guds tenar, hadde sagt fyre.

50 Desse var sønerne åt Aron: Eleazar, son hans; son hans var Pinehas; hans son var Abisua;

51 hans son var Bukki; hans son var Uzzi; hans son var Zerahja;

52 hans son var Merajot; hans son var Amarja; hans son var Ahitub;

53 hans son var Sadok; hans son var Ahima’as.

54 Og bustaderne deira, etter tjeldlægri innanfor umkverven deira, var dei som her kjem. Dei gav Arons-sønerne av kahatitætti - som fyrste luten fall på -

55 Hebron i Judalandet, og utmarki som låg ikring.

56 Men åkerlandet og gardarne som høyrde til byen, gav dei Kaleb Jefunneson.

57 Arons-sønerne gav dei soleis fredsstaderne Hebron og Libna, og Jattir og Estemoa

58 og Hilen og Debir

59 og Asan og Bet-Semes, alle desse byarne med bumarki som høyrde til,

60 og i Benjaminsfylket Geba og Allemet og Anatot med bumarki som høyrde til; det var i alt trettan byar etter ætterne deira.

61 Og dei andre Kehats-sønerne gav dei ti byar i det eine halve Manassefylket, og let deim draga strå um deim.

62 Og Gersoms-sønerne og ættgreinene deira fekk trettan byar hjå Issakars-ætti, Assers-ætti, Naftali-ætti, og Manasse-ætti i Basan.

63 Merari-sønerne og ættgreinene deira fekk tolv byar hjå Rubens-ætti og Gads-ætti og Sebulons-ætti, og let deim draga strå um deim.

64 Dess byarne med bumarki som høyrde til, gav Israels-sønerne åt levitarne.

65 Dei gav deim desse byarne, som dei nemde på namn, i Judafylket, Simeonsfylket og i Benjaminsfylket, og let deim draga strå um deim.

66 Og nokre av greinerne i Kahats-ætti fekk desse byarne i Efraimsfylket:

67 Fredstaderne Sikem på Efraimsfjellet og Gezer

68 og Jokmeam og Bet-Horon

69 og Ajjalon og Gat-Rimmon,

70 og i det eine halve Manassefylket Aner og Bileam, med bumarki som høyrde kvar by til. Dette fekk dei hine greinerne av Kahats-ætti.

71 Gersoms-sønerne fekk i det andre halve Manassefylket Golan i Basan og Astarot, med bumarki som høyrde til,

72 og i Issakarsfylket Kedes og Dobrat

73 og Ramot og Anem, med bumarki som høyrde til,

74 og i Assersfylket Masal og Abdon

75 og Hukok og Rehob, med bumarki som høyrde til,

76 og i Naftalifylket Kedes i Galilæa, og Hammon og Kirjatajim, med bumarki som høyrde kvar by til.

77 Dei hine Merari-sønerne fekk i Sebulonsfylket Rimmono og Tabor, med bumarki som høyrde til,

78 og på hi sida Jordan ved Jeriko, austanfor Jordan, fekk dei i Rubensfylket Beser i øydemarki og Jahsa

79 og Kedemot og Mefa’at, med bumarki som høyrde til,

80 og i Gadsfylket Ramot i Gilead og Mahanajim

81 og Hesbon og Jazer, med bumarki som høyrde til.