publicidade

1 Reis 3

5 I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum um natti, og Gud sagde: «Bed um kva du vil eg skal gjeva deg!»6 Salomo svara: «Stor miskunn hev du vist imot tenaren din, David, far min, etter di han ferdast for di åsyn i truskap og rettvisa og med ærleg hug imot deg; og du hev halde ved lag åt honom denne store miskunn og gjeve honom ein son til ettermann i kongsstolen hans - so som det no sjåande er.7 Ja, Herre, min Gud, no hev du gjort tenaren din til konge etter David, far min, men eg er berre barnet, og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt.8 Og tenaren din liver her millom folket ditt, som du hev valt ut, eit stort folk som ikkje er teljande eller utreknande, so mangment det er.9 So gjev då tenaren din eit høyrsamt hjarta, so han kann vera domar for folket sitt og skilja millom godt og vondt! for kven er elles før til å vera domar for dette mangmente folket ditt?»10 Det tektest Herren vel at Salomo bad um dette.11 Og Gud sagde til honom: «Etter di hev bede um dette og ikkje bede um langt liv eller rikdom og ikkje bede um livet av fiendarne, men hev bede um vit til å agta på det som rett er,12 so vil eg gjera som du ynskjer: eg gjeva deg so vist og vitugt eit hjarta at det hev ikkje vore din like, og skal ikkje heller verta sidan.

publicidade