1 Timóteo 3

1 Det er eit sant ord: Um nokon trår etter eit tilsynsembætte, so hev han lyst til ei gjæv gjerning.

2 Difor skal ein tilsynsmann vera ulastande, mann til ei kvinna, ædrueleg, visleg, verdig, gjestmild, dugleg til å læra frå seg,

3 ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, men godlyndt, ikkje stridsam, ikkje pengekjær,

4 ein som styrer vel sitt eige hus, og hev lyduge born med all søma

5 - um nokon ikkje veit å styra sitt eige hus, kor kann han då hava umsut for Guds kyrkja? -

6 ikkje ein ny-umvend, so han ikkje skal ovmoda seg og falla i djevelens dom.

7 Men han skal og hava godt vitnemål av deim som er utanfor, so han ikkje skal få lastord og falla i djevelens snara.