publicidade

2 Pedro 3

3 med di de fyrst og fremst veit dette, at i dei siste dagar skal det koma spottarar med spott, som gjeng etter sine eigne lyster4 og segjer: «Kvar er lovnaden um hans tilkoma? For ifrå den tid då federne sovna av, stend alt so som frå upphavet av skapningen.»5 For dei som segjer so, gløymer at himlar var det frå gamall tid og ei jord som hadde vorte til ut av vatn og gjenom vatn ved Guds ord,6 og dermed gjekk og den dåverande verdi under i vatsflaumen.7 Men dei noverande himlar og jordi er ved det same ordet sparde til elden, og upphaldne til den dagen då dei ugudlege menneskje skal verta dømde og fortapte.

publicidade