1 Trettande dagen i den tolvte månaden, det vil segja månaden adar, den dagen det var fastsett at kongens ord og påbod skulde setjast i verk, den dagen jødefiendarne hadde vona å få magt yver deim - no hadde det snutt seg soleis, at det var jødarne som fekk magt yver fiendarne sine -

2 den dagen slo jødarne seg i hop i byarne sine i alle dei jarleriki åt kong Ahasveros og vilde leggja hand på deim som elta gjera deim mein. Og ingen stod seg imot deim; so stor otte hadde alle folk fenge for deim.

3 Alle hovdingarne i jarleriki og satraparne og jarlarne og embætsmennerne åt kongen hjelpte jødarne; so stor otte hadde dei fenge for Mordokai;

4 for Mordokai var ein stor mann i kongens hus; i alle jarleriki kom gjetord ut om honom, at denne Mordokai auka allstødt i magt.

5 Jødarne slo eit slag på alle fiendarne sine, med sverd og dreping og tyning, og dei for som dei vilde med motmennerne sine.

6 I borgi Susan drap og tynte jødarne fem hundrad mann.

7 Og Parsandata og Dalfon og Aspata

8 og Porata og Adalja og Aridata

9 og Parmasta og Arisai og Aridai og Vaizata,

10 dei ti sønerne åt Haman Hammedatason, jødefienden, drap dei. Men til plundring rette dei ikkje ut handi.

11 Same dagen høyrde kongen gjete talet på deim som var drepne i borgi Susan.

12 Då sagde kongen til dronning Ester: «I borgi Susan hev jødarne drepe og tynt fem hundrad mann forutan dei ti sønerne åt Haman. Kva hev dei so ikkje gjort i dei andre kongelege jarleriki? Kva er di bøn? Du skal få det du bed um! Og kva ynskje hev du meir? Det skal verta uppfyllt!»

13 Ester svara: «Tekkjest det kongen, so lat ogso i morgon jødarne i Susan få lov å gjera etter påbodet for i dag! Og lat dei ti sønerne åt Haman verta upphengde i galgen!»

14 Kongen baud at so skulde vera. Påbodet vart utferda i Susan. Alle ti sønerne åt Haman vart upphengde.

15 Jødarne i Susan slo seg i hop den fjortande dagen og i månaden adar og drap tri hundrad mann i Susan. Men til plundring rette dei ikkje ut handi.

16 Dei andre jødarne i jarleriki åt kongen slo seg i hop og varde livet og rådde seg ro for fiendarne sine. Dei drap fem og sytti tusund av motmennerne sine. Men til plundring rette dei ikkje ut handi.

17 Dette hende trettande dagen i månaden adar. Den fjortande kvilde dei ut og dei gjorde den dagen til ein gjestebodsdag og fagnad-dag.

18 Jødarne i Susan hadde slege seg i hop både trettande og fjortande dagen; dei kvilde ut den femtande og gjorde den dagen til gjestebodsdag og fagnad-dag.

19 Difor høgtidar jødarne på landsbygdi, dei som bur i landsbyarne, den fjortande dagen i månaden adar med fagnad, med gjestebod og festar og dei sender forner til kvarandre.

20 Mordokai skreiv upp desse hendingarne og sende brev til alle jødarne i alle jarleriki åt kong Ahasveros, nær og fjerr,

21 og slog fast for deim at dei år etter år skulde høgtida fjortande og femtande dagen i månaden adar,

22 for dei dagarne hadde jødarne rådt seg ro for fiendarne sine, og i den månaden hadde suti deira snutt seg um til fagnad og sorgi til høgtid. Difor skulde dei gjera desse dagarne til gjestebods-dagar og fagnad-dagar, og senda fornar til kvarandre og gåvor til fatigfolk.

23 Jødarne lovtok denne skikken, som dei no hadde teke til med, og som Mordokai hadde skrive til deim um.

24 Agagiten Haman Hammedatason, fienden åt alle jødar, hadde lagt upp råder mot jødarne um å tyna deim og hadde kasta pur, det er lut, for å øyda og tyna deim.

25 Men då kongen frette det, hadde han bode og ferda ut i eit brev um at meinråderne hans, som hin hadde etla åt jødarne, skulde snu attende på hans eige hovud, so han sjølv og sønerne hans vart hengde i galgen.

26 Av den grunn vart desse dagarne heitande purim, etter ordet pur. Og av den grunn - etter alt det som stod i dette brevet, etter det dei sjølve hadde set, og etter det som hadde hendt deim,

27 so gjorde jødarne det til fast skikk og bruk for seg og etterkomarane sine og for alle som gjekk yver til deira tru, at dei skulde år etter år, ubrigdeleg, høgtida desse tvo dagarne etter fyreskrifti um deim, og på den fastsette tidi,

28 og at desse dagarne skulde haldast i minne og høgtidast i alle aldrar og ætter og jarledøme og byar, og at desse purim-dagar ikkje måtte falla burt millom jødarne, og minnet um deim aldri kverva hjå etterkomarane deira.

29 Dronning Ester Abiha’ilsdotter og jøden Mordokai skreiv eit nytt brev med fynd og klemb og gjorde til lov det som stod i dette nye brevet um purim.

30 Og han sende brev til alle jødar i dei hundrad og sju og tjuge jarleriki i kongeriket åt Ahasveros, venlege og truhjarta ord

31 um å halda ved lag desse purim-dagarne på den fastsette tidi, soleis som jøden Mordokai og dronning Ester hadde bode deim, og soleis som dei hadde stadfest det for seg sjølve og etterkomarane sine, med fyresegner um fasta og klagerop.

32 Påbodet frå Ester gjorde desse purim-bodi til lov. Og dei vart uppskrive i ei bok.