1 Og det hende i det sjuande året, den tiande dagen i den femte månaden, at det kom nokre av Israels styresmenner og vilde spyrja Herren. Og dei sette seg framfor mi åsyn.

2 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:

3 Menneskjeson! Tala til Israels styresmenner og seg med deim: So segjer Herren, Herren: Er det komne og vil spyrja meg? So sant som eg liver, so let eg ikkje dykk få spyrja meg, segjer Herren, Herren.

4 Vil du døma deim, vil du døma, menneskjeson? Lat deim få vita styggedomen åt sine feder!

5 Og du skal segja med deim: So segjer Herren, Herren: Den dagen eg valde ut Israel, og rette handi mi i veret for avkjømet i Jakobs hus og let deim verta kjende med meg i Egyptarlandet, då eg rette upp handi mi for deim og sagde: «Eg er Herren, dykkar Gud» -

6 den dagen rette eg upp handi på det, at eg vilde føra deim ut or Egyptarlandet og til eit land som eg hadde set ut åt deim, som fløymer med mjølk og honning; det er det fagraste av alle land.

7 Og eg sagde med deim: «Kvar og ein av dykk kaste burt dei styggetingi han hev framfor augo, og gjer dykk ikkje ureine med Egyptarlands ufysne avgudar! Eg er Herren, dykkar Gud.»

8 Men dei var tråssuge mot meg og vilde ikkje høyra på meg; styggetingi dei hadde framfor augo, kasta dei ikkje burt, og Egyptarlands ufysne avgudar vende dei seg ikkje ifrå. Då sagde eg at eg vilde renna ut yver deim min harm og tøma ut min vreide på deim midt i Egyptarlandet.

9 Og eg gjorde det for mitt namn skuld, so det ikkje skulde verta vanhelga framfor augo på dei folki som dei budde ibland, og som såg på at eg let deim verta kjende med meg og vilde føra deim ut or Egyptarland.

10 Og eg førde deim ut or Egyptarland og let deim koma inn i øydemarki.

11 Og eg gav deim bodi mine og kunngjorde deim mine lover, som menneskja skal helda og so liva ved deim.

12 Og eg gav deim og kviledagarne mine, so dei skulde vera til eit teikn millom meg og deim, so dei skulde vita at eg er Herren som helgar deim.

13 Men Israels-lyden var tråssug imot meg i øydemarki; i mine bod ferdast dei ikkje, og dei svivyrde loverne mine, som menneskja skal halda og so liva ved deim, og kviledagarne mine vanhelga dei ovleg. Då sagde eg at eg vilde renna utyver deim min harm og tyna deim i øydemarki.

14 Men det vilde eg gjera for mitt namn skuld, so det ikkje skulde verta vanhelga framfor augo på dei folki som såg på at eg førde deim ut.

15 So rette eg og upp handi i øydemarki på det, at eg ikkje vilde lata deim koma inn i det landet som eg hadde gjeve, som fløymer med mjølk og honning, det som er det fagraste av alle land,

16 for di dei svivyrde loverne mine og ikkje ferdast i bodi mine og vanhelga kviledagarne mine. For etter deira ufysne avgudar for deira hjarto.

17 Men mitt auga sparde deim, so eg ikkje tynte deim, og eg gjorde ikkje reint ende på deim i øydemarki.

18 Og eg sagde til borni deira i øydemarki: «I bodi åt federne dykkar må de ikkje ferdast, og loverne deira må det ikkje halda, og med deira ufysne avgudar må de ikkje gjera dykk ureine.

19 Eg er Herren, dykkar Gud; i bodi mine skal det ferdast, og loverne mine skal det halda, og etter deim skal det gjera.

20 Og kviledagarne mine skal de helga, og dei skal vera eit teikn millom meg og dykk, so de skal vita at eg, Herren, er dykkar Gud.»

21 Men dei var tråssuge mot meg, borni; i bodi mine ferdast dei ikkje, og loverne mine heldt dei ikkje, so dei gjorde etter deim, dei som menneskja skal gjera etter og so liva ved deim; kviledagerne mine vanhelga dei. Då sagde eg at eg vilde renna utyver deim min harm og tøma ut min vreide på deim i øydemarki.

22 Men eg tok handi mi tilbake og gjorde det for mitt namn skuld, so det ikkje skulde verta vanhelga framfor augo på dei folki som hadde set på at eg førde deim ut.

23 So rette eg og upp handi i øydemarki på det, at eg vilde spreida deim millom heidningfolki og strå deim i landi,

24 for di dei ikkje heldt loverne mine, men svivyrde bodi mine og vanhelga kviledagarne mine, og deira augo for etter dei ufysne avgudarne åt federne deira.

25 So gav eg deim og bod som ikkje var gode, og lover som dei ikkje kunde liva ved.

26 Og eg let deim verta ureine med offergåvorne sine, med di dei let ganga gjenom elden alt som opnar morsliv, so eg kunde tyna deim, for at dei skulde skyna at eg er Herren.

27 Difor, tala til Israels-lyden, du menneskjeson! og du skal segja med deim: So segjer Herren, Herren: Med det og hædde dykkar feder meg, at dei for med svik imot meg.

28 For eg førde deim inn i landet som eg med upprett hand hadde lova deim; men fyrst dei såg ein høg haug eller eit lauva tre, so ofra dei der sine slagtoffer, og der bar dei fram gåvor til å harmast av, og dit kom dei med godangen sin, og der rende dei ut sine drykkoffer.

29 Då sagde eg med deim: «Kva er det med haugen, sidan de kjem dit?» Og han fekk namnet «haug» alt til denne dag.

30 Difor, seg med Israels-lyden: so segjer Herren, Herren: Vil de sulka dykk likeins som federne dykkar og i hordom renna etter deira styggedom?

31 Ved gåvorne det kjem med og ved borni dykkar, som det let ganga gjenom elden, sulkar de dykk med alle dykkar ufysne avgudar alt til denne dag - og so skulde eg lata dykk spyrja meg, du Israels-lyd! So visst som eg liver, segjer Herren, Herren, dykk let eg ikkje spyrja meg.

32 Og det som leikar dykk i hugen, skal ikkje henda - når de segjer: «Me vil vera som heidningfolki, som hitt folket i landi; me vil tena tre og stein.»

33 So sant som eg liver, segjer Herren, Herren: med sterk hand og med strak arm og med utrend harm vil eg rikja yver dykk.

34 Og eg vil føra dykk ut frå folki og samla dykk ut or landi, der som de var spreidde, med sterk hand og med strak arm og med utrend harm.

35 Og eg vil føra dykk til folkeheidi, og der vil eg ganga til doms med dykk, andlit til andlit.

36 Likeins som eg gjekk til doms med federne dykkar i øydemarki attmed Egyptarlandet, so vil eg ganga til doms med dykk, segjer Herren, Herren.

37 Og eg vil lata dykk ganga framum under hyrdingstaven, og eg vil leida dykk inn i pakt-bandet.

38 Og eg vil skilja ut ifrå dykk deim som sette seg upp imot meg og fall frå meg. Ut or landi der dei bur i utlægd, vil eg føra deim, men inn i Israels land skal dei ikkje koma. Og de skal sanna at eg er Herren.

39 Og du, Israels-lyd! So segjer Herren, Herren: Berre gakk, kvar ein av dykk, og ten dykkar ufysne avgudar! Men sidan skal de, sant og visst, høyra på meg og aldri meir vanhelga mitt heilage namn med gåvorne dykkar og med dei ufysne avgudarne dykkar.

40 For på mitt heilage fjell, på Israels høge fjell, segjer Herren, Herren, der skal de tena meg, all Israels lyd, alle som i landet er. Der vil eg hava hugnad i deim, og der vil eg spyrja etter offergåvorne dykkar og etter fyrstegrøda som de kjem med av alt det de helgar.

41 For den gode angen skuld vil eg hava hugnad i dykk, når eg fører dykk ut frå folki og samlar dykk ut or landi der som de var spreidde, og helgar dykk framfor augo på folkeslagi.

42 Og de skal sanna at eg er Herren, når eg fører dykk til Israels land, det landet som eg med upprett hand hadde lova federne dykkar.

43 Der skal de minnast dykkar vegar og alle dei gjerningar som de hev sulka dykk med, og de skal styggjast ved dykk sjølve for alt det vonde som de hev gjort.

44 Og de skal sanna at eg er Herren, når eg fer so åt med dykk for mitt namn skuld, ikkje etter dykkar vonde vegar og dykkar illgjerningar, du Israels-lyd, segjer Herren, Herren.

45 Herrens ord kom til meg; han sagde:

46 Menneskjeson! Snu di åsyn mot sud og preika mot sud og spå imot skogen på marki i sud!

47 Og du skal segja til skogen i sud: Høyr Herrens ord! so segjer Herren, Herren: Sjå, eg set eld på deg, og han skal svida av kvart eit grønt tre og kvart eit turt tre i deg. Den logande elden skal ikkje slokna, men han skal skambrenna kvart eit andlit frå sud til nord.

48 Og alt kjøt skal sjå at eg, Herren, hev kveikt honom; slokna skal han ikkje.

49 Då sagde eg: «Å, Herre, Herre! Dei segjer um meg: «Er det ikkje berre i likningar han talar?»»