publicidade

Hebreus 9

1 No hadde vel og den fyrste pakti sine fyreskrifter um gudstenesta og den jordiske heilagdomen.2 For det vart laga eit tjeld, det fremste, og i det var både ljosestaken og bordet og skodebrødi; dette er kalla det heilage.3 Og attanfor det andre forhenget var det tjeldet som er kalla det høgheilage,4 det som hadde eit røykjelse-altar av gull og sambandskista, som var klædd heilt kringum med gull; og i henne var ei gullkrukka med manna og Arons stav, som hadde blømt, og sambandstavlorne,5 og ovan yver henne herlegdoms kerubar, som skygde yver nådestolen; men um desse ting skal me ikkje no tala stykke for stykke.

publicidade