1 Og no segjer Herren so, han som skapte deg, Jakob, og laga deg, Israel: Ver urædd! for eg hev løyst deg ut, eg hev ropa deg på namn, du er min.2 Fer du gjenom vatn, so er eg med deg, gjenom elvar, so skal dei ’kje riva deg burt. Gjeng du i eld, du svidar deg ei, og logen skal ikkje brenna deg.3 For eg, Herren, er din Gud, Israels Heilage er din frelsar. Egyptarland gjev eg til løysepeng for deg, Ætiopia og Seba til vederlag for deg.
publicidade