1 Ei tid etterpå var det ei av høgtiderne åt jødarne, og Jesus for upp til Jerusalem.2 Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam som dei på hebraisk kallar Betesda, med fem sulehallar kringum;3 i deim låg det ei heil mengd med sjuke - blinde, halte, nomne - som venta på at vatnet skulle rørast upp;4 for ein engel for frå tid til tid ned i dammen og rørde upp vatnet, og den fyrste som då steig uti, etter at vatnet var upprørt, han vart frisk, kva sjukdom han so leid av.5 No var det der ein mann som hadde dregest med sjukdomen sin i åtte og tretti år.6 Då Jesus såg honom liggja der, og fekk vita at han hadde vore sjuk i lang tid, sagde han til honom: «Vil du verta frisk?»7 «Herre,» svara den sjuke, «eg hev ingen som kann bera meg ned i dammen når vatnet tek til å rørast, og med eg er på vegen, stig ein annan ned fyre meg.»8 Jesus segjer til honom: «Statt upp, tak sengi di og gakk!»9 Og straks vart mannen frisk, og tok sengi si og gjekk. Det var ein kviledag dette hende;
publicidade