1 Då han gjekk frametter, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd.2 Læresveinarne spurde honom: «Rabbi, kven er det som hev synda, han eller foreldri hans, sidan han laut koma til verdi blind?»3 «Dei hev ikkje synda, korkje han eller foreldri hans,» svara Jesus, «men det var for di Guds verk skulde syna seg på honom.4 So lenge det er dag, lyt me gjera hans verk som hev sendt meg; det kjem ei natt då ingen kann gjera noko verk.5 Medan eg er i verdi, er eg ljoset åt verdi.»6 Med so sagt sputta han på jordi og laga ei gyrma av sputtet; den gyrma smurde han på augo hans7 og sagde til honom: «Gakk og två deg i Siloadammen!» - Siloa tyder sendemann -. So gjekk han ’stad og tvo seg, og då han kom att, kunde han sjå.
publicidade