1 Det ordet som kom til Jeremia frå Herren; han sagde:2 Statt upp og gakk ned til krusmakar-huset, og der skal eg lata deg høyra ordi mine.3 Eg gjekk då ned til huset åt krusmakaren, og sjå, han gjorde arbeidet sitt på svarveskiva.4 Vart det då ubrukande, kjeraldet som krusmakaren heldt på å gjera, so som det kann verta med leiret i handi på krusmakaren, so gjorde han det um att til eit anna kjerald, soleis som krusmakeren tykte det høvelegt.5 Då kom Herrens ord til meg; han sagde:6 Skulde eg ikkje kunna gjera med dykk, Israels hus, likeins som denne krusmakaren? segjer Herren. Sjå, likeins som leiret er i krusmakar-handi, so er de i mi hand, Israels hus.
publicidade