publicidade

Josué 19

1 Den andre luten fall på Simeon, på Simeons-sønerne og ættgreinerne deira. Det landet dei fekk, låg midt i Judafylket.2 Til Simeonsfylket høyrde Be’erseba og Seba og Molada3 og Hasar-Sual og Bala og Esem4 og Eltolad og Betul og Horma5 og Siklag og Bet-Hammarkabot og Hasar-Susa6 og Bet-Leabot og Saruhen - trettan byar med grenderne som høyrde til;7 Ajin, Rimmon og Eter og Asan, fire byar, med grenderne som høyrde til,8 og alle bygderne som låg ikring desse byarne, alt til Ba’alat-Be’er, eller Rama, i Sudlandet. Dette var odelsjordi åt Simeons-ætti og greinerne hennar.9 Dei fekk odelseiga si i det landet som var mælt ut til Juda-sønerne. Den luten som fall på Juda-sønerne, vart for stor åt deim; difor var det at Simeons-sønerne fekk landet sitt midt i deira land.10 Den tridje luten fall på Sebulons-sønerne og ættgreinerne deira. Det landet dei fekk, rakk til Sarid.11 Fylkesdeilet gjekk i vest upp til Marala, gjekk frammed Dabbeset og nådde den bekken som renn austanfor Jokneam.12 I aust, der soli kjem upp, vende det seg frå Sarid burt imot Kislot-Taborbygdi, heldt fram til Daberat og gjekk upp til Jafia.13 Derifrå tok det, på solsida, austsida, yver til Gat-Hefer og Et-Kasin, heldt fram til Rimmon og svinga burt til Nea.14 So vende deilet seg nordetter til Hannaton og enda i Jiftaheldalen.15 I Sebulonsfylket låg og Kattat og Nahalal og Simron og Jidala og Betlehem; i alt var der tolv byar med grender ikring.16 Dette var det landet Sebulons-sønerne og ættgreinerne deira fekk til odel og eiga med byar og bygdar.17 Issakar var det som fekk den fjorde luten, Issakars-sønerne og ættgreinerne deira.18 I landet deira låg Jisre’ela og Kesullot og Sunem19 og Hafarajim og Sion og Anaharat20 og Rabbit og Kisjon og Ebes21 og Remet og En-Gannim og En-Hadda og Bet-Passes.22 Fylkesdeilet snart innåt Tabor og Sahasuma og Bet-Semes, og enda i Jordan. I alt var der sekstan byar med grender ikring.23 Dette var det landet som Issakars-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga, med byar og bygder.24 Den femte luten fall på Assers-ætti og greinerne hennar.25 I deira land låg Helkat og Hali og Beten og Aksaf26 og Allammelek og Amad og Misal. Fylkesdeilet nådde i vest til Karmel og Libnatåi;27 i aust tok det leidi til Bet-Dagon og gjekk so nordetter frammed Sebulonsfylket og Jiftaheldalen til Bet-ha-Emek og Ne’iel; sidan heldt det fram på vinstre hand til Kabul28 og Ebron og Rehob og Hammon og Kana, alt burt til Stor-Sidon.29 So vende deilet seg mot Rama, og heldt fram til Tyrusborgi; der ifrå tok det leidi til Hos, og gjekk ut i havet ikkje langt frå Akzib.30 Umma og Afek og Rehob låg og i dette fylket. I alt var der tvo og tjuge byar med grender ikring.31 Dette var det landet som Assers-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga, med byar og bygder.32 På Naftali-sønerne fall den sette luten, på Naftali-sønerne og ættgreinerne deira.33 Fylkesdeilet deira gjekk frå Helef, frå Besa’annim-eiki, um Adami-Hannekeb og Jabne’el, heldt fram til Lakkum, og gjekk ut i Jordan.34 So vende deilet seg vestetter til Aznot-Tabor, og heldt fram til Hukkok. I sud skifte dei med Sebulon, og i vest med Asser; i aust fylgde skiftelina Jordan.35 Av faste byar var der: Siddim, Ser og Hammat, Rakkat og Kinneret36 og Adama og Rama og Hasor37 og Kedes og Edre’i og En-Hasor38 og Jiron og Migdal-El, Horem og Bet-Anat og Bet-Semes. I alt var der nittan byar med grender ikring.39 Dette var det landet Naftali-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga med byar og bygder.40 På Dans-ætti og greinerne hennar fall den sjuande luten.41 I deira fylkesland låg Sora og Estaol og Ir-Semes42 og Sa’alabbin og Ajjalon og Jitla43 og Elon og Timnata og Ekron44 og Elteke og Gibbeton og Ba’alat45 og Jehud og Bene-Berak og Gat-Rimmon46 og Me-Hajarkon og Rakkon og bygderne burtmed Joppe.47 Men Danseiga rakk vidare enn so: Dans-sønerne for nordetter, og tok på Lesem-buarne; dei vann landet deira, og øydde det med odd og egg; sidan lagde dei det under seg og vart buande der; og i staden for Lesem kalla dei bygdi Dan etter ættefaren sin.48 Dette var det landet Dans-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga med byar og bygder.49 Då Israels-sønerne vel hadde skift ut heile Kana’ans-landet, so vidt som det var, let dei Josva Nunsson få ei odelseiga millom seg;50 dei gav honom, etter Herrens bod, den byen han bad um, Timnat-Serah på Efraimsfjellet; og han bygde upp byen, og busette seg der.51 Dette var dei odelseigorne som Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og hovdingarne yver Israels ætter og ættgreiner luta ut i Silo, for Herrens åsyn i møtetjelddøri. Dermed var dei ferdige med å skifta ut landet.

publicidade