34 «Korleis skal det ganga til, når eg ikkje hev mann?» sagde Maria.35 «Den Heilage Ande skal koma yver deg, og krafti åt Den Høgste skal skyggja yver deg,» svara engelen; «difor skal og det heilage som vert født, kallast Guds Son.36 Og høyr: Elisabet, som er skyld deg, skal og hava ein son på sine gamle dagar; dei sagde ho var ikkje barnkjømd, men no er ho alt i sette månaden;37 for ingen ting er umogeleg for Gud.»38 Då sagde Maria: «Her stend eg - eg er Herrens tenestkvinna! Lat det ganga meg som du hev sagt!» So for engelen burt att.
publicidade