Lucas 10

25 Då gjekk det fram ein som var kunnig i lovi; han vilde freista Jesus og sagde: «Meister, kva skal eg gjera for å vinna eit æveleg liv?»

26 «Kva stend det i lovi?» sagde Jesus; «korleis les du?»

27 «Du skal elska Herren, din Gud, av alt ditt hjarta og med all din hug og med all di magt og med alt ditt vit, og elska grannen din som deg sjølv!» svara han.

28 Då sagde Jesus til honom: «Du svara rett. Gjer det, so skal du liva!»

29 Men han vilde orsaka seg og sagde til Jesus: «Kven er då grannen min?»

30 Jesus tok upp spursmålet og sagde: «Det var ein mann som for frå Jerusalem ned til Jeriko, og fall i henderne på røvarar. Dei klædde honom naken og skamslo honom; so gjekk dei sin veg og let honom liggja der halvdaud.

31 Det høvde so til at ein prest for same vegen; han såg mannen, men for radt framum.

32 Like eins ein levit; han kom til same staden og såg honom, men for radt framum.

33 Ein samaritan som var ute og ferdast, kom og dit han låg, og såg honom og tykte synd um honom.

34 Han gjekk burt til honom og fetla såri hans, og helte olje og vin på, lyfte honom so upp på sitt eige asen og førde honom til eit herbyrge, og sytte vel for honom.

35 Andre morgonen tok han fram tvo mark og gav til gjestgjevaren og sagde: «Syt vel for honom, og det meir du legg ut, skal du få att av meg når eg kjem attende.»

36 Kven av desse tri tykkjer no du for åt som ein granne mot honom som fall i henderne på røvarane!»

37 «Den som gjorde sælebot på honom,» svara den lovkunnige. Då sagde Jesus til honom: «Gakk du av og gjer like eins!»