11 Med han var på vegen til Jerusalem og for midt imillom Samaria og Galilæa,12 bar det so til at han gjekk inn i ein liten by, og der kom det imot han ti menner som hadde spillsykja; dei vart standande eit langt stykke undan,13 og ropa høgt: «Jesus, meister, gjer sælebot på oss!»14 Då Jesus vart var deim, sagde han til deim: «Gakk og te dykk fram for prestarne!» Og med dei var på vegen, hende det at dei vart reine.15 Ein av deim kom attende då han såg han var lækt; han lova Gud med høg røyst,16 og kasta seg å gruve framfor føterne hans og takka honom; det var ein samaritan.17 Då tok Jesus til ords og sagde: «Vart dei ’kje reine alle ti? Kvar er då dei ni?18 Var det ingen utan denne framande som kom attende og vilde gjeva Gud æra?»19 So sagde han til mannen: «Statt upp og gakk heim att! Trui di hev hjelpt deg.»
publicidade