publicidade

Lucas 2

1 I dei dagarne let keisar Augustus lysa ut at det skulde takast manntal yver heile verdi.2 Dette var fyrste gongen dei tok manntal med Kvirinius var landshovding i Syria.3 Då for alle heim, kvar til sin eigen by, og skulde skriva seg i manntalet.4 Josef og for frå Galilæa, frå den byen som heiter Nasaret, upp til Judæa, til Davidsbyen, den som dei kallar Betlehem - for han høyrde til Davids hus og ætt -5 og vilde skriva seg der. Maria, festarmøyi hans, var med honom; ho gjekk då med barn,

publicidade