6 Ein annan kviledag bar det so til at han gjekk inn i synagoga og lærde. Der var det ein mann som den høgre handi hans var nomi,7 og dei skriftlærde og farisæarane gjætte på honom, um han vilde lækja på kviledagen, so dei kunde finna noko å klaga honom for.8 Men han kjende tankarne deira, og sagde til mannen som hadde den nomne handi: «Reis deg upp, og kom fram!» Då reiste han seg upp og gjekk fram,9 og Jesus sagde til deim: «Eg spør dykk: Er det rett å gjera godt på kviledagen eller å gjera vondt, berga liv eller øyda liv?»10 So såg han rundt ikring på deim alle og sagde til mannen: «Rett fram handi di!» Han so gjorde, og handi hans vart god att.
publicidade