1 I den tidi som no fylgde på, for han kring i landet, frå by til by og frå grend til grend, og tala for folket og bar ut fagnadbodet um Gudsriket. Dei tolv var med honom,2 og like eins nokre kvinnor som hadde vorte lækte for vonde ånder og sjukdomar; det var Maria, Magdalena dei kalla, som sju djevlar hadde fare utor,3 og Johanna, kona åt Kuzas, ein av futarne åt Herodes, og Susanna, og mange andre, som var deim til hjelp med det dei hadde.
publicidade