publicidade

Lucas 9

38 Best det var, ropa ein mann utor hopen: «Meister, eg bed deg: Sjå til son min; han er einaste barnet mitt!39 Rett som det er, grip ei ånd honom, og brått set han i og huar; og åndi slit honom til fraudi stend kring munnen på honom; det er med naudi ho vil sleppa guten, og då gjer ho mest ende på honom;40 eg bad læresveinarne dine at dei vilde driva henne ut; men dei kunde ikkje.»41 Då tok Jesus til ords og sagde: «Å, du vantrune og vrange ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk og tola dykk? Kom hit med son din!»42 Fyrr guten kunde nå fram til Jesus, reiv åndi og sleit i honom. Men Jesus truga den ureine åndi og gjorde guten god att, og gav honom att åt faren.43 Og alle var tekne av age og undring yver Guds velde.

publicidade