1 Då dei kom burtimot Jerusalem, til Betfage og Betania ved Oljeberget, sende Jesus tvo av læresveinarne sine i veg og sagde til deim:2 «Gakk burt i den grendi som ligg beint framfor dykk! Med det same de kjem der, finn de ein fole som stend bunden, og som det endå aldri hev sete noko menneskje på; den skal de løysa og koma hit med!3 Og dersom nokon segjer med dykk: «Kvi gjer de det?» so skal de svara: «Herren treng um honom, og sender honom straks attende.»»4 So gjekk dei og fann folen; han stod bunden uti gata attmed ei dør, og dei løyste honom.5 Nokre folk som stod der, sagde til deim: «Kva gjer de? løyser de folen?»6 Dei svara so som Jesus hadde sagt; då let folket deim ganga.7 So kom dei til Jesus med folen og lagde kjolarne sine på honom, og Jesus sette seg uppå.8 Og mange breidde klædi sine på vegen, andre strådde lauv, som dei hadde henta frå marki.9 Og dei som gjekk fyre, og dei som fylgde etter, ropa: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!10 Velsigna vere vår fader Davids rike som kjem! Hosianna i det høgste!»11 So kom han til Jerusalem og gjekk inn i templet. Der såg han seg ikring allstad; men då det tok til å kvelda, gjekk han ut til Betania med dei tolv.
publicidade