publicidade

Marcos 2

3 Best det var, kom fire mann berande med ein som var lam,4 og då dei ikkje kunde koma fram til Jesus for folkestimen, tok dei burt taksteinarne der som han var og braut hol i taket og fira ned sengi som den lame låg i.5 Og då Jesus såg trui deira, sagde han til den lame: «Son, synderne dine er tilgjevne!»6 No var det nokre skriftlærde som sat der; dei tenkte med seg:7 «Kvi talar den mannen so? Han spottar Gud! Kven kann tilgjeva synder utan ein - Gud?»8 Jesus kjende straks i hugen sin at dei tenkte so, og han sagde: «Kvi hyser de slike tankar i hjarta?9 Kva er lettast å segja til den lame: «Synderne dine er tilgjevne!» eller å segja: «Statt upp, tak sengi di og gakk?»10 Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi, so segjer eg deg» - sagde han til den lame -:11 «Statt upp, tak sengi di og gakk heim att!»12 Då stod han upp, tok sengi si i same stund og gjekk ut for alle manns augo, so dei alle vart mest frå seg av undring, og lova Gud og sagde: «Slikt hev me aldri set fyrr!»

publicidade