publicidade

Marcos 8

34 So kalla han folket til seg saman med læresveinarne sine og sagde: «Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv, og taka krossen sin upp og fylgja etter meg.35 For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi og evangeliet skuld, han skal berga det.36 Kva gagnar det eit menneskje å vinna heile verdi, men tapa sjæli si?37 For kva kann menneskjet gjeva i byte for sjæli si?38 For den som skjemmest ved meg og ordi mine i denne utrue og synduge ætti, honom skal og Menneskjesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin med dei heilage englarne.

publicidade