Mateus 14

13 Då Jesus høyrde det, for han i ein båt burt til ein øydestad, so han kunde få vera åleine; men folket fekk spurt det og fylgde etter honom landveges frå byarne.

14 Då han steig i land, fekk han sjå ein stor folkehop, og han tykte hjarteleg synd i deim, og lækte deim som var sjuke.

15 Då det leid til kvelds, gjekk læresveinarne burt til honom og sagde: «Det er audt her, og dagen lid; send folket frå deg, so dei kann ganga burt i grenderne og kjøpa seg mat!»

16 «Dei treng ikkje ganga burt,» sagde Jesus; «gjev de deim mat!»

17 «Me hev ’kje her anna fem brødleivar og tvo fiskar,» svara dei.

18 «Kom hit til meg med det!» sagde han.

19 So bad han folket setja seg i graset, og tok dei fem brødleivarne og dei tvo fiskarne, og såg upp imot himmelen og velsigna deim, og so braut han brødet og gav det til læresveinarne, og læresveinarne gav det til folket.

20 Alle åt og vart mette, og då dei samla upp dei stykki som att var, so vart det tolv fulle korger.

21 Og det var um lag fem tusund mann som hadde ete, umfram kvinnor og born.