1 Då dei var komne til Betfage, til Oljeberget, og ikkje hadde langt att til Jerusalem, då sende Jesus tvo læresveinar i veg og sagde til deim:2 «Gakk inn i den grendi som ligg beint framfor dykk! Der finn de straks ei asna som stend bundi, og ein fole attmed henne; dei skal de løysa og leida hit til meg.3 Og er det nokon som talar til dykk, so seg: «Herren treng um deim;» då sender han deim hit med ein gong.»4 Dette hende av di det laut sannast det som er tala gjenom profeten, når han segjer:5 «Seg til Sions dotter: Sjå, her kjem din konge til deg. Mjuk i åndi rid han på eit asen, folen åt eit klyvdyr.»6 Læresveinarne gjekk og gjorde som Jesus hadde sagt.7 Dei henta asna og folen, og lagde kjolarne sine på deim, og so sette han seg uppå.8 Og størsteparten av folket breidde klædi sine på vegen; andre braut kvister av trei og strådde på vegen.9 Og folkehoparne som gjekk fyre og fylgde etter, ropa: «Hosianna Davids son! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste!»10 Då han so drog inn i Jerusalem, vart det eit heilt oppstyr i byen; dei spurde: «Kven er dette?»11 Og folkehoparne svara: «Det er profeten, Jesus frå Nasaret i Galilæa.»
publicidade