publicidade

Mateus 3

1 I den tidi steig Johannes, døyparen, fram og tala i Judaheidi2 og sagde: «Vend um! For himmelriket er nær.»3 Det er honom Jesaja, profeten, talar um, når han segjer: «Høyr han som ropar i heidi: Rydje vegen åt Herren, jamne stigarne hans!»4 Johannes gjekk med ein kjole av kamelhår, og hadde eit lerbelte kring livet, og maten hans var grashoppar og villhonning.5 Då kom dei ut til honom frå Jerusalem og frå heile Judalandet og Jordan-kverven,6 og han døypte deim i Jordanåi, med dei sanna synderne sine.

publicidade