5 Då han so gjekk inn i Kapernaum, kom ein hovudsmann og tala til honom og sagde:6 «Herre, drengen min ligg lam heime, og lid hardt.»7 «Skal eg koma og lækja honom?» segjer Jesus.8 «Herre,» svara hovudsmannen, «eg er ikkje verd at du stig inn under mitt tak. Men seg berre eit ord, so vert drengen min god att!9 For eg er ein mann som må lyda deim som større er, og sjølv hev eg og hersveinar under meg, og segjer eg til ein av deim: «Gakk!» so gjeng han, og til ein annan: «Kom!» so kjem han, og til tenaren min: «Gjer no det!» so gjer han det.»10 Då Jesus høyrde det, undra han seg, og sagde til deim som var med honom: «Det segjer eg dykk for sant: So stor ei tru hev eg ikkje funne hjå nokon i Israel.11 Og det skal de vita, at mange skal koma både frå aust og frå vest og setja seg til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket;12 men dei som riket var etla åt, skal ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»13 So sagde han til hovudsmannen: «Gakk heim att! Det skal verta som du trudde.» Og drengen vart god att i same stundi.
publicidade