2 Då kom dei til honom med ein lam mann, som låg i ei seng. Då Jesus såg trui deira, sagde han til den lame: «Ver hugheil, son! Syndene dine er tilgjevne.»3 Då var det nokre av dei skriftlærde som tenkte med seg: «Denne spottar Gud!»4 Men Jesus såg tankarne deira og sagde: «Kvi hyser de so vonde tankar i hjarta?5 Kva er lettast å segja: «Synderne dine er tilgjevne,» eller: «Statt upp og gakk?»6 Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi» - so segjer han til den lame: «Statt upp, tak sengi og gakk heim att!»7 Då stod han upp og gjekk heim til seg.
publicidade