1 Ordtøke av Salomo, son til David, konge yver Israel.2 Av deim kann ein læra visdom og age og skyna vituge ord.3 Og få age so ein vert klok, rettferd og rett og rettvisa.4 Dei kann gjeva dei urøynde klokskap, ungdomen kunnskap og ettertanke -5 so den vise kann høyra og auka sin lærdom og den vituge verta rådklok.6 Dei gjev skyn på ordtak og myrke ord, ord frå dei vise og gåtorne deira.7 Otte for Herren er upphav til kunnskap, uvitingar vanvyrder visdom og age.
publicidade