publicidade

Provérbios 5

3 For honning dryp av skjøkjelippor, og hennar gom er sleipar’ enn olje,4 men til slutt er ho beisk som malurt, kvass som eit tvieggja sverd.5 Hennar føter stig ned til dauden, hennar fet fører radt til helheims.6 Ho gjeng ikkje livsens stig, gålaus vinglar ho vegvill.7 Og no, søner, høyr på meg, og vik ikkje frå det munnen min mæler!8 Lat din veg vera langt frå henne, kom ’kje nær til husdøri hennar!9 Annars gjev du din vænleik til andre, åt ein hardstyrar åri dine.

publicidade