publicidade

Romanos 13

1 Kvar mann skal vera lydug mot dei fyresette styremagter. For det finst ikkje styremagt utan av Gud, men dei som finst, deim hev Gud skipa,2 so den som set seg imot styremagti, han stend imot Guds skipnad; men den som stend imot, skal få sin dom.3 For dei styrande er ikkje til rædsla for den gode gjerning, men for den vonde. Vil du sleppa å ræddast styremagti? Gjer det som godt er, so skal du få ros av henne;4 for ho er Guds tenar, deg til gode. Men gjer du det som vondt er, so ræddast! for ho ber ikkje sverdet for inkje; ho er Guds tenar, ein hemnar til refsing yver den som gjer det som vondt er.5 Difor er det naudsynleg å vera lydug, ikkje berre for refsingi skuld, men og for samvitet.6 Difor legg de og skatt, for dei er Guds tenarar, som just tek vare på dette.7 Gjev då alle det de er deim skuldige: skatt til den som skatt skal hava, toll til den som toll skal hava, age til den som age skal hava, æra til den som æra skal hava.

publicidade