1 Tak dykk av den som er veik i trui, utan å setja dykk til doms yver tankarne hans!2 Den eine hev tru til å eta alle slag, men den veike et berre urter.3 Den som et, vanvyrde ikkje den som ikkje et; og den som ikkje et, døme ikkje den som et! For Gud hev teke seg av honom.4 Kven er du som dømer ein framand dreng? Han stend eller fell for sin eigen herre; men han skal verta standande, for Gud hev magt til å halda honom uppe.
publicidade