2 Nei, langt ifrå! Me som er avdøyde frå syndi, kor skulde me endå liva i henne?3 Eller veit de ikkje at alle me som vart døypte til Kristus Jesus, me vart døypte til hans daude?4 Me vart soleis gravlagde med honom ved dåpen til hans daude, for liksom Kristus vart uppvekt frå dei daude ved Faderens herlegdom, so skal me og ferdast i ein ny livnad.5 For hev me vorte sameina med honom i likskapen med dauden hans, so skal me og verta det i likskapen med uppstoda hans,6 då me veit dette, at vårt gamle menneskje vart krossfest med honom av so synd-likamen skulde verta til inkjes, so me ikkje lenger skal tena syndi;7 for den som er daud, han er rettferdiggjort frå syndi.
publicidade