publicidade

Salmos 19

1 Til songmeisteren; ein salme av David.2 Himlarne fortel Guds æra, og kvelven forkynner kva hans hender hev gjort.3 Ein dag let sin tale strøyma ut til den andre, og ei natt forkynner den andre sin kunnskap.4 Der er ikkje tale, der er ikkje ord; deira røyst vert ikkje høyrd.5 Ut yver all jordi gjeng deira mål, og til heimsens ende deira ord. Åt soli sette han eit tjeld på deim.6 Og ho er lik ein brudgdom som gjeng ut or sitt løynrom, gled seg som ei kjempa til å renna sitt skeid.7 Frå enden av himmelen er hennar utgang, og hennar umlaup til andre enden av honom, og ingen ting er duld for hennar hite.8 Herrens lov er fullkomi, ho kveikjer sjæli; Herrens vitnemål er trufast, det gjer den einfalde vis.

publicidade