1 Til songmeisteren; ein salme av David.2 Herre, eg flyr til deg; lat meg aldri i æva verta til skammar! Frels meg ved di rettferd!3 Bøyg ditt øyra til meg, berga meg snart, ver meg eit festningsberg, ei fast borg til å frelsa meg!4 For du er mitt berg og mi borg, og for ditt namn skuld vil du føra og leida meg.5 Du vil føra meg ut or garnet som dei løynleg hev sett for meg; for du er mi vern.
publicidade