Salmos 32

1 Av David; ein song til lærdom. Sæl er den som hans misgjerd er forlati og hans synd yverbreidd!

2 Sælt er det menneskje som Herren ikkje tilreknar skuld, og som er utan svik i si ånd!

3 Då eg tagde, morkna mine bein, med di eg stunde heile dagen.

4 For dag og natt låg di hand tungt på meg, mi livssaft torna ut som i sumarturken. Sela.

5 Eg kjendest ved mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld; eg sagde: «Eg vil sanna mine misgjerningar for Herren.» Og du tok burt mi syndeskuld. Sela.

6 Difor skal kvar som er trugen beda til deg den tid du er finnande; sanneleg, um store vatsfløde kjem, til honom skal dei ikkje nå.