publicidade

Salmos 96

1 Syng Herren ein ny song, syng for Herren, all jordi!2 Syng for Herren, lova hans namn, forkynn frå dag til dag hans frelsa!3 Fortel millom heidningar hans æra, millom alle folkeslag hans under!4 For Herren er stor og mykje lovsungen, skræmeleg er han framfor alle gudar.5 For alle gudar hjå folki er avgudar; men Herren hev gjort himmelen.6 Høgd og herlegdom er for hans åsyn, styrke og prydnad i hans heilagdom.7 Gjev Herren, de folke-ætter, gjev Herren æra og magt!8 Gjev Herren hans namns æra, tak gåvor med og kom i hans fyregardar!9 Tilbed Herren i heilagt skrud, skjelv for hans åsyn, all jordi!

publicidade