1 Ein salme. Syng Herren ein ny song! For han hev gjort under, hans høgre hand hev hjelpt honom, og hans heilage arm.

2 Herren hev kunngjort si frelsa, for augo på heidningarne hev han openberra si rettferd.

3 Han hev kome i hug si miskunn og sin truskap mot Israels hus; alle heimsens endar hev set frelsa frå vår Gud.

4 Ropa med gleda for Herren, all jordi! Set i med fagnad og lovsong!

5 Syng lov for Herren med cither, med cither og med lovsongs røyst,

6 med lurar og basunklang gjev fagnadrop for kongen, Herren!

7 Havet dure og alt som i det er, heimen og alle som i heimen bur!

8 Elvarne klappe i hender, fjelli fagne seg med

9 for Herrens åsyn, for han kjem til å døma jordi, han skal døma jordriket med rettferd og folki med rettvisa.