publicidade

Tiago 3

3 Når me legg beisl i munnen på hestarne, so dei skal lystra oss, so styrer me og heile likamen deira.4 Sjå og skipi: endå dei er so store og vert drivne av sterk vind, so vert dei då med ein liten ror styrde dit som styremannen vil hava deim.5 So er og tunga ein liten lem, og talar då store ord. Sjå ein liten eld: kor stor ein skog han set i brand!6 Tunga er og ein eld; ei verd full av urettferd, soleis stend tunga millom lemerne våre; ho smittar heile likamen og set livsens hjul i loge, og vert sjølv sett i loge frå helvite.7 For all natur, både i dyr og fuglar, både i ormar og sjødyr, vert tamd og hev vorte tamd av den menneskjelege natur;8 men tunga kann inkje menneskje temja; ho er ein ustyrleg vond ting, full av døyande eiter.

publicidade